tirsdag 16. juli 2013

Trolltunga

Trolltunga


I helga har eg vore på fjelltur, som eg har gleda meg til lenge. Me var ein gjeng på sju stykk som ankom Skjeggedal i Tyssedal ved Odda, og gjekk til Trolltunga, kor me slo opp telta. Lørdagen vart brukt til å gå tur/retur Tyssevassbu, og søndagen gjekk me ned att. Fredag var veret kjempefint med sol frå skyfri himmel og god temperatur. Dei to neste dagane var det heller grått, med regn i tillegg søndag. Likevel vart det ein veldig bra tur. Det er første gong eg har overnatta i telt på fjellet, og det gav meirsmak, sjølv om det vart nokre kilo ekstra på ryggen.

Etter turen vart Martha med meg heim til Nærbø. Me koste oss og eg viste ho det som eg meinar er det beste med Jæren, nemlig dei flotte sandstrendene. Det er herleg å gå i vinden, kjenne lukta frå tang og tare og høyre bølgene som rullar innover mot land. Eg er glad for at me begge sett stor pris på å bevege oss i naturen, og at me trives i kvarandres selskap.

Meg og Martha